Weekly Medjugorje Messages

"Kjære barn! I desse dagane tillet Herren meg å gje dykk meir nåde gjennom mi forbøn. Difor oppmodar eg dykk nok ein gong til å be, kjære barn! Be utan opphald! På den måten vil eg gje dykk gleda som Herren gjev til meg. Med desse nådegåvene, kjære barn, ynskjer eg at dykkar lidingar blir til glede. Eg er Mor dykkar, og eg ynskjer å hjelpe dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Gud tillet meg saman med Han å verkeleggjera denne oasa av fred. Eg ynskjer at de skal passe på ho, og at denne oasa alltid blir rein. Det finst dei som med si aktløyse øydelegg roa og bøna. Eg kallar dykk til å vitne med dykkar eige liv slik at de opprettheld freden. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk alle til bøn. Utan bøn, kjære barn, er de ikkje i stand til å oppleva korkje Gud, eller meg, eller den nåde eg gjev dykk. Difor oppmodar eg dykk til alltid å starte og avslutte dagen med bøn. Kjære barn, eg ynskjer dagleg å leie dykk meir og meir i bøn, men de er ikkje i stand til å vekse fordi de ikke ynskjer det. Mi oppmoding, kjære barn, er at de set bøn på fyrste plass. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til det heilage. Utan det heilage kan de ikkje leva. Med kjærleik kan de difor overkoma all synd og alle vanskar som kjem til dykk. Kjære barn, eg tryglar dykk om å leva med kjærleik i dykk sjølve. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å tenkje over kvifor eg er med dykk så lenge. Eg er meklaren mellom dykk og Gud. Difor, kjære barn, ynskjer eg å kalle dykk til alltid å leva i kjærleik, alt det Gud ynskjer av dykk. Av den grunn, kjære barn, etterlev med audmjuke alle bodskapane eg gjev dykk.Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg glær meg over alle som er på veg mot det heilage, og eg ber om at de med dykkar eigne vitnesbyrd hjelper dei som ikkje veit korleis dei skal leva heilagt. Difor, kjære barn, lat familiane dykkar bli ein stad der det heilage blir fødd. Hjelp alle til å leva på ein heilag måte, særleg familiane dykkar.Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Hat føder usemje og tek ikkje omsyn til nokon eller noko.Eg kallar dykk til alltid å bera fram samhald og fred. Særleg der de bur, kjære barn, oppfør dykk med kjærleik. Lat kjærleik vera det einaste middelet for dykk. Med kjærleik kan de redde alt som Satan ynskjer å øydeleggje. Berre på den måten skal de bli fullstendig mine, og eg skal klare å hjelpe dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! De veit at eg lova dykk ein oase av fred, men de veit ikkje at ved kvar oase finst det ein ørken der Satan ligg på lur og ventar på å freiste kvar og ein av dykk. Kjære barn, berre ved bøn kan de vinne over innverknaden frå Satan på dykkar plass. Eg er med dykk, men eg kan ikkje ta bort fridomen dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk til at bønene dykkar blir gledelege møte med Herren. Eg kan ikkje leie dykk før de kjenner glede ved bøn. Frå dag til dag ynskjer eg å leie dykk meir og meir i bøn, men eg ynskjer ikkje å tvinge dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg takkar dykk for kjærleiken de syner meg. Veit de, kjære barn, at eg elskar dykk utan grenser og dagleg ber eg Herren om å hjelpe dykk til å forstå kjærleiken eg syner dykk. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall. "
   




To compare Medjugorje messages with another language versions choose

For at Gud skal leve i hjertene deres, må dere elske.

`